LR Fargestudio

Me skapar unike og skreddersydde interiør og-fargeløysningar som gjenspeiler din personlige stil.

LR Fargestudio er dedikert til å levere kreative og harmoniske fargepalettar til våre kundar.

Interiørveiledning

Det er mykje å tenkje på når ein skal innrede og fargesetje ein heim. Enten det er i eit nybygg, gammalt bygg eller ein berre skal freshe litt opp. Då kan det vere greit med råd og veiledning av fagfolk som kan hjelpe og samarbeide med deg til å nå ditt mål og den heimefølelsen du leitar etter.

Nedanfor kan du kjapt få ei oversikt over kva me vektlegg i ein god palett

Fargesammensetning

Er du ein av dei som aldri blir heilt fornøyd med fargen på veggen eller har kjøpt litt ting her og der, men aldri har fått ting til å henge saman. Eller du kunne tenkt deg ein behagelig og harmonisk atmosfære i interiøret, men aldri får det heilt til sjølv? 

Fargesamansetningar kan være meir avansert enn ein trur og det å ha ein gjennomført palett er nøkkel for å lykkast.

Fargepsykologi

Bruk av fargepsykologi er viktig for å skapa ein spesifikk stemning og påverke dei rette følelsane, bruk av "rett" farge gjer slik at rommet blir både vakkert og behagelig å vere i.

Møbel- og tekstilvalg

Det er ikkje berre fargevalg på dei store flatene som er viktig i eit interiør, fargar på møblar og anna dekor kan vere det som hevar interiøret og set prikken over I-en.


Trender og inspirasjon

Oppdatert kunnskap om dei siste trendane innen fargebruk og inspirasjon til å utforske nye og spennande fargekombinasjonar kan alltid gje ein god peikepinn på kva ein kan ta utgangspunkt i.

Interiørveiledning



Idemylding og konsultasjon.

Me kjem heim til deg for idemylding og kartlegging av kva du treng hjelp med. Det kan eksempelvis gjelde eksisterande møblering, oppussing og/eller  fargevalg. Frå eitt rom til heilt hus.







frå kun 800,-


Interiørveiledning med moodboard*


Me kjem heim til deg og går gjennom dei romma du ynksjer hjelp i. Dette tek me med oss vidare og utarbeidar ein grundig farge og -materialmoodboard, med tilhøyrande forklaringar og innkjøpsliste. 


Om ynskjeleg hjelp me med innredning.






Full veiledning 


Me kartlegg ynskjer og behov, utarbeider ein grunding farge og-material moodboard i lag med deg. I tillegg får du forklaringar og innkjøpsliste. 


I tillegg er me med i frå begynnelsen av, dersom dette er eit nybygg eller stort oppussingsprosjekt og veileder i smarte løysingar, planløysing og møbleringsplan.





Pris - Alle prosjekt er forskjellige, difor vil du få eit skreddersydd tilbod på pris etter ein hyggeleg samtale med oss.

* Moodboard er ein plansje som visar fargar, materiale og interiør på ein måte som gjer det enklare å sjå for seg korleis resultatet kjem til å bli

Boligstyling

Når ein skal selje ein bolig er det mykje å ta stilling til og ein vil sjølvsagt få mest igjen for salet. I mange tilfeller er det stylingen som dreg opp dette og får fleire interessert i å kjøpe. Det er ikkje alltid så mykje som skal til, enten det er å ta vekk nokre møblar og ommøblere eller tilføye litt plantar og pynt. Dette kan me hjelpe med på ulike nivå.

Befaring før sal 


Me kjem heim til deg og går gjennom huset og fortel kva som kan vere lurt å ta vekk, korleis ein kan møblere og style med bruk av det du har.






Pristilbod ut i frå storleik på leilighet/hus frå 1250,-



Delstyling


Me kjem heim til deg og går i gjennom boligen. I tillegg hjelp me deg med ommøblering og styling med bruk av det du har og tilfører evt tekstil, pynt og småmøblar både til bildetaking og visning.




Pristilbod ut i frå storleik på leilighet/hus frå kr 4100,-


Har du andre tilleggsrom som, garasje, bod, låve eller anna uterom er dette eit tillegg frå kr 900,-

ANDRE HENVENDELSER


Dersom det er andre henvendelsar du treng hjelp til, endten det er bryllup, konfirmasjon, dåp, fest, offentlige rom eller berre treng å forhøyre deg om fargane du har valgt kjem til å passe saman. Då er du hjarteleg velkomen til å slå av ein prat på telefon for ein uforpliktande samtale.

OM OSS

LOVISE

FARGERÅDGIVER

Har lang erfaring innen blomster, interiør og -fargehandel. Sertifisert fargerådgiver ved Norges Fargeakademi 2024.

REBEKKA

INTERIØR DESIGNER

Utdanna Interiør Designer ved Norges Kreative Høgskule. Har lang erfaring innan interiørveiledning, boligstyling, og fargerådgivning. Sertifisert fargerådgiver ved Norges Fargeakademi 2024.

Me er to fargeglade damer som verkelig brenner for fargar og korleis desse påverkar oss, korleis dei fungerar saman og det å skape fine palettar som gir gode følelsar og energi i rommet. Og det er dette me ynskjer å formidle og hjelpe deg med å få til i heimen din - saman med deg.

 
 
 
 
 
unsplash